Hongkongs skulesystem har tradisjonelt dyrka fram meiningsmangfald og toleranse. Danningsfaget Liberal Studies fremja diskusjon av samfunnsspørsmål i klasserommet. No ligg faget og mangfaldet i ruinar.
Dette er ei utvida utgåve av eit innlegg av Arne Melsom og Eivind Karlsson som vart publisert av Dag og Tid 20. oktober 2023.
Eldsjela Szeto Wah
Hongkongs lærarar har spelt ei aktiv rolle i Hongkong i lang tid. Hongkong har ei historie med avgrensa arbeidstakarrettar og ei beskjeden rolle for fagforeiningar. Hong Kong Professional Teachers’ Union (HKPTU), fagforeininga for lærarar, var eit unntak. Blant grunnleggjarane i 1973 var Szeto Wah.
Szeto fekk innverknad over samfunnsutviklinga då han på midten av 1980-talet tok del i arbeidet med minigrunnlova i byen (Basic Law). Han sat òg i den lovgivande forsamlinga i byen i meir enn 10 år. I fleire år leidde Szeto dessutan ein demokratiorganisasjon i Hongkong som sprang ut av protestane på Himmelfredsplassen i Beijing i 1989. Innsatsen til slike aktivistar fekk mykje å seia for utviklinga av Hongkongs skule.
Liberal studies, faget som forma unge Hongkongarar
Faget Liberal Studies vart innført i vidaregåande skule i 2003. Faget, som vart obligatorisk frå 2009, er eit samfunnsfag der kritisk tenking og individuelt engasjement står i sentrum. Det er eitt av fire obligatoriske fag som tel ved opptak til universitetsstudium i Hongkong.
Formålet med faget er å skapa “informerte, rasjonelle og ansvarlege borgarar i lokale, nasjonale og globale fellesskap”. Ulike faktorar ligg bak innføringa av faget. Mellom anna har Hongkongs minigrunnlov paragrafar som peikar fram mot innføring av allmenne val. Dette fordrar eit kritisk og breitt samfunnsengasjement, som faget legg til rette for.
Hongkong har òg gjennomgått ei utvikling der tenesteytande næringar vert stadig viktigare. Liberal studies var meint å få fram ein generasjon der den einskilde sitt ansvar skulle vera ein av byggjesteinane bak nødvendige nyetableringar, samtidig som autonomien i byen og særpreget der vart teke vare på.
Kampen mot ei skulereform
Men slik tankegang er under press. I 2010 lanserte den Beijing-lojale byregjeringa eit nytt fag som skulle dekkja “moralsk og nasjonal utdanning”. Det vart etter kvart klart at faget mellom anna ville framstilla styret i kommunistpartiet som overlegent demokratiet i USA. Dermed ville vegen liggja open for kvitvasking i pensum av historiske hendingar som svoltkatastrofen under Det store spranget under Mao, og massakren etter protestane på Himmelfredsplassen.
Initiativet vart kritisert av HKPTU, og det vart danna fleire aksjonsgrupper for å stansa innføringa av det nye faget. Elevorganisasjonen Scholarism fekk særleg stor betydning for motstanden. Organisasjonen vart danna av 14 år gamle Joshua Wong i mai 2011. Scholarism stod bak ei rekkje protestar mot skulereforma, med okkupasjon og sveltestreik ved kontora til byregjeringa. Det heile kulminerte med ei markering i september 2012, der meir enn 100.000 kravde at reforma måtte leggjast til side. Same dag som aksjonen vart avslutta, offentleggjorde styresmaktene at reformplanane ville verte lagt vekk.
Elevane vert demokratiforkjemparar
Scholarism vende deretter merksemda si mot kravet om demokratiske reformer. 31. august 2014 gjekk sentralstyresmaktene i Beijing bort frå eit mangeårig løfte om frie val på leiaren i byregjeringa. Elevar og universitetsstudentar reagerte med undervisningsboikott.
Etter ein demonstrasjon 26. september tok elev- og studentleiarar, med Joshua Wong i spissen, initiativ til å innta ein avsperra plass utanfor byregjeringskontora. Det kom til samanstøytar med politiet. Demonstrantar vart arresterte og fleire vart sende til legevakta. Denne hendinga gav støyten til gateokkupasjonane i den såkalla Paraplybevegelsen. Elevar og studentar fekk dermed ein framståande posisjon i Hongkongs bybilete.
Den neste protestrørsla i 2019 vart utløyst av eit lovframlegg om utlevering av ettersøkte til Fastlands-Kina. Dette ville undergrava Hongkongs sjølvstendige rettsvesen. Elevar og studentar fekk endå ein gong ei betydeleg rolle.
Mest internasjonal merksemd fekk samanstøytane mellom studentane og politiet gjennom hausten. Men engasjementet var mykje breiare: Dei fredelege demonstrasjonane samla ved fleire høve så mange som 1-2 millionar menneske. Elevar frå meir enn 100 vidaregåande skular gjekk saman om å danna menneskekjeder og ropa slagord til støtte for protestrørsla. Ved ein skule vart nasjonalsongen overdøyvd av elevar som song Do you hear the people sing frå Les Miserables. Lovframlegget om utlevering til Fastlands-Kina vart trekt tilbake.
Fridommen vert knust og lærarane vert skyteskiva til diktaturet
Engasjementet for ytringsfridom, frie fagforeiningar og demokrati kolliderte likevel med kommunistpartiet sitt syn på kritikk og opposisjon. Med pandemien som bakteppe førebudde styresmaktene ei omvelting. I ein leiarartikkel frå mai 2020 kravde partiorganet China Daily at alle “virusberarar” i Hongkongskulen måtte fjernast. Så innførte Beijing ei nasjonal tryggingslov som innebar at all kritikk å snakke om vart kriminalisert.
Hongkongskulen kom umiddelbart i søkjelyset: Det vart sett i gang etterforsking av 200 lærarar. Det statlege nyheitsbyrået Xinhua publiserte ein artikkel som omtalte lærarforeininga HKPTU som “ein vondsinna svulst” som måtte “utrydjast”. Nokre dagar seinare trykte partiorganet People’s Daily eit innlegg som kravde at HKPTU måtte “rykkast opp med rot” for å redda den unge generasjonen i Hongkong.
HKPTU vart i praksis tvangsoppløyst etter det massive presset frå Beijing. Dei siste avgangselevane med Liberal Studies gjekk ut i mai i år. Same månad tok Hongkongpolitiet eit initiativ for kameraovervaking i klasserom på skular og universitet. Hjernevaskinga som Joshua Wongs Scholarism vart danna for å kjempa mot, er på veg. Småbarnsforeldre og lærarar emigrerer no i hopetal, og Hongkong mistar sine skarpaste hjernar, den stolte skulehistoria si og sine varmaste forsvararar av verdiar og rettar som ei stund var felles for folk både i Hongkong og land som Noreg.
